BarnsBeste

Fastlegen kan bidra til at «dei usynlege barna» vert sett

Frøydis Gullbrå disputerte tysdag 30. mai 2017 for ph.d.-graden ved Universitetet i Bergen med avhandlinga: “Children as next of kin and the general practitioner: A qualitative study about the general practitioner’s opportunities to help.”

av Universitetet i Bergen

Frøydus Gullbrå har forska på fastlegen si rolle i barn som pårørande-arbeidet. (Foto: Svein A. Tollefsen)

Barn av sjuke eller rusavhengige foreldre vert ofte kalla “dei usynlege barna”. Resultat frå dette doktorgradsarbeidet viste at fastlegane var i ein god posisjon for å hjelpe dei, men likevel vart barna ofte oversett. Sjuke foreldre ynskte støtte og råd om korleis ivareta barna best. Ungdom med sjuke foreldre hadde behov for forståing for at dei levde i ein situasjon med ekstra byrder, ifølgje pressemeldinga frå Universitetet i Bergen.

Gjennom tre intervjustudiar har vi undersøkt kva fastlegar, barn av sjuke foreldre og sjuke foreldre tenkjer om korleis fastlegen kan hjelpe barn som pårørande. 
I gruppeintervju med fastlegar fann vi at dei kan identifisere barna som treng hjelp gjennom kjennskap til dei sjuke foreldra og familiane. Fastlegane kunne også hjelpe med å rådgi foreldre, gi informasjon og tilvise til andre hjelparar. Tidspress og frykt for å såre pasientar, gjorde at barna sin situasjon kunne bli utelatt som tema i konsultasjonar med foreldra. 

I gruppeintervju fortalde ungdom som hadde hatt oppvekst med sjuk forelder om mykje uforutsigbarheit i kvardagen og at dei strevde med å oppretthalde ei vanleg ungdomstid. Mange hadde eigne helseplager. Dei oppsøkte helst fastlegen for fysiske plager, og syntes det var vanskeleg sjølv å ta opp tema om heimesituasjonen. 
Sjuke foreldre vart intervjua individuelt. Dei uttrykkte behov for å bli møtt som ansvarlege og velmeinande foreldre, på same tid som dei hadde behov for praktisk støtte og råd om korleis best ivareta barna under eigen sjukdom. Både barna og sjuke foreldre ynskte at fastlegen skulle ta opp tema om korleis barna hadde det under foreldre sin sjukdom.

Barn som veks opp med sjuke foreldre, kan ha auka risiko for eigne helseplager både på kort og lang sikt, men mange klarer seg bra. Fastlegen kan gjennom ein tillitsfull relasjon, anerkjenne og etterspørje sjuke foreldre og barna deira sin situasjon. Slik kan legen kome i posisjon til å tidleg identifisere dei barna som treng oppfølging, og sørge for at barna får hjelp, ofte gjennom samarbeid med andre.

Personalia
Frøydis Gullbrå (f. 1971) tok medisinsk embetseksamen ved Universitetet i Bergen i 1997. Ho er spesialist i allmennmedisin og fastlege og kommuneoverlege i Modalen. Doktorgradsarbeidet utgår frå Allmennmedisinsk forskningsenhet, Uni Research Helse i Bergen og Forskningsgruppe for allmennmedisin ved Institutt for global helse og samfunnsmedisin, Universitetet i Bergen. Rettleiarar har vore seniorforskar Marit Hafting, seniorforskar Tone Smith-Sivertsen og professor Guri Rørtveit.

publisert 13.06.2017 08:05  |  Print versjon